Produksjonsteknikkfaget

I dette yrket er det maskinene som gjer jobben. Den viktigaste oppgåva di er å starte, stoppe, styre og overvake maskinene slik at dei gjer det dei skal. Fagoperatøren tek prøvar, kontrollerer og justerer produksjonsmaskiner og anna utstyr, legg om produksjonslina til nye produkt, feilsøker og feilrettar og driv mindre vedlikehald. Hydraulikk, pneumatikk og annen automasjon vert ein stadig viktigare del av faget. Det er viktig at driftstida vert best mogleg nytta, samstundes som kvaliteten er i samsvar med det kunden har tinga. Faget krev overblikk og vilje til å følgje fastlagte prosedyrar. Det er en fordel med fagleg interesse for automatisering og datateknikk. Du må nytte sansane for å observere uønska situasjonar og vurdere naudsynte tiltak. Du arbeider sjølvstendig, samarbeider med andre og har evne til å løyse akutte problem raskt og effektivt.

Balder Brygg AS

Balder Brygg starta opp sin ølproduksjon i juni 2012. Produksjonen er tufta på lokal entusiasme og vidareutvikling av meir enn tusen års gammal vestnorsk heimebryggartradisjon. Det faktum at Leikanger har 35-40 aktive heimebryggarlag, understøttar vår forankring og gir Balder Brygg eit eineståande utgangspunkt for å videreutvikle desse vestnorske tradisjonane.

Balholm AS

Å dyrka frukt og laga cider heng tett saman her på Vestlandet, og bestefar Andreas Eitungjerde planta ut frukthagen i 1922. Då barnebarnet Åge overtok bruket på midten av 90-tallet, såg han etter nye måtar å utnytte frukta på.

Elkem

Produsent med miljøfokus Elkem Bremanger er ei internasjonal høgkompetansebedrift med kundar innan elektronikk, solceller, vindmøller og bilindustri. Bedrifta er delt i to forretningsområde; eit støyperi (foundry) og ein produksjonshall for silisium (Silicon Materials). I tillegg kjem innkjøp, logistikk/materialadministrasjon, laboratorium, råstoff, transport, reinseanlegg, eldfast, økonomi, HMS, IT og personal.

Ewos AS

Største fôrfabrikken i verda EWOS Fiskeoppdrett har vorte ein av dei største og viktigaste næringane langs Norskekysten. Oppdrettsfisk treng fôr. Og fôrprodusenten treng lærlingar. EWOS er den største norske produsenten av fôr til laks og aure, og ein del av EWOS-gruppa som har fabrikkar i Skottland, Canada, Chile og Vietnam.

Felleskjøpet, avd. Florø

Sunt bondevett i 120 år Felleskjøpet er et samvirke eid av 44 000 bønder. Samvirke som eierform er viktig for norsk landbruk. Dette gir bonden nødvendig trygghet og sikrer gode leveranser av både råvarer, produkter og tjenester.

Global Florø AS

H-Vinduet Bauge AS

H-Vinduet Bauge leverer alle H-produktener. Toppsving, fastkarm, sidesving, sidehengslet og H-balkongdør bekledd med aluminium. H-vinduet består av de beste materialene og tåler norsk klima og bruk.

Hagen

Eit par trinn opp: Trapper er eit eige fag som det tek tid å lære seg. Det som tek tid å lære vert utøvd med stoltheit. Hus må ha trapper. Og dei beste trappene er laga av tre. Den største trappeprodusenten i Noreg ligg i Stryn.

Helle Fabrikker AS

Helle er industrihandverk. Vår forståing av kvalitet er bygd på at hand og maskin skal og må jobbe saman for å få eit best og mest unikt resultat. Det er dette som er kjerna av Helle sin filosofi. Vi har produsert knivar og bestikk med utgangspunkt i denne filosofien i nær hundre år, og vi har ikkje tenkt å forandre oss med det første.

Linn Bad AS

I over 40 år har me designa og produsert baderomsmøblar i Vik i Sogn. For oss handlar dette om handverkstradisjonar og kvar me kjem frå. Me har kvalitet, funksjonalitet og design i vårt DNA. Me er også opptekne av å skrive nynorsk. Me vil vere ekte, også når det gjeld språket vårt.

Nesseplast

Nesseplast er ein av EPS-pionerane i Noreg. Starten i 1957 var prega av fryseisolasjon og fiskeemballasje, men har utvikla seg til å omfatte alt innafor emballasje og tekniske produkt i isopor (EPS).

Nyrstar

Nyrstar har spesialisert seg på å skape nye, verdifulle råmateriale til bruk i industrien frå avfall. Hovudaktiviteten er å behandle filterstøv frå stålindustrien i Europa som er rikt på sink, i det høgteknologiske anlegget i Høyanger.

Vik Fengsel

Vik fengsel ligg i Vik kommune og er ei eining med høgt og lågare sikkerhetsnivå. Fengselet har ein ordinær kapasitet på 39 plassar, der 28 er med høgt sikkerhetsnivå og 11 er med lågt sikkerhetsnivå.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde

Logg inn OLKWEB