Jaktar nye læreplassar

I juni startar ein landsomfattande Læreplassjeger-kampanje, i regi av WorldSkills Norway i samarbeid med organisasjonar og fylkeskommunane. Då vil læreplassjegerar

over heile landet jobbe for å rekruttere fleire lærebedrifter og læreplassar. Pro Vestland Opplæringskontor startar sin aksjon 10.06.20.

 

Totalt har 21.000 ungdommar søkt seg til ein læreplass i år. Læreplassjeger-kampanjen har som målsetting å sikre disse ungdommane ein læreplass. Kampanjen støttast av regjeringa og partane i arbeidslivet.

– Vi i Pro Vestland Opplæringskontor er ein av læreplassjegerane som vil jakte læreplassar i gjennom sommaren og ei stund ut på hausten, seier Jorunn Kirketeig, dagleg leiar på Pro Opplæringskontor.

 

Vi treng fleire læreplassjegerar
– 
Vi oppmodar alle fagforbund, bransjeorganisasjonar, opplæringskontor og skular til å bli læreplassjegerar. Det vil seie at dei bidreg til at bedrifter og verksemder blir oppsøkt og oppmoda til å bli lærebedrifter og til å ta inn lærlingar, seier Elisabeth Lange, sekretariatsleiar i WorldSkills Norway, som leiar kampanjen.
WorldSkills Norway vil i sommar sende ut fleire tusen brev til potensielle lærebedrifter basert på lister som er utarbeida i samarbeid med Utdanningsdirektoratet. Bedrifter som er interessert i å bli lærebedrift kan sjølv melde dette inn på www.læreplassjeger.no. Dei vil og bli kontakta av læreplassjegerane i dei respektive fylka.

 

KORT OM KAMPANJEN

  • Ei landsomfattande kampanje, som har til hensikt å støtte opp under fylkeskommunanes arbeid med å rekruttere fleire lærebedrifter og læreplassar
  • I tillegg til fylkeskommunane, er alle kommunar, fagforbund, bransjeorganisasjonar, opplæringskontor og skular også invitert til å bli læreplassjegerar
  • Tusenvis av lærebedrifter over heile landet vil få tilsendt rekrutteringsbrosjyre, og bli kontakta av læreplassjegerar
  • 95% av bedrifter som har hatt lærling hos seg har opplevd at dette er ein god måte å rekruttere nye medarbeidarar på
  • Potensielle lærebedrifter kan sjølv registrere interesse på: læreplassjeger.no

 

 

KONTAKTPERSON:

Jorunn Eide Kirketeig

Jorunn.kirketeig@pro.sf.no

Telefon: 5783 2260 Mobil: 911 44 966

 

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde

Logg inn OLKWEB