Ferske Smakar
Ferske smakar vart i 2011 starta opp av Gudrun Johanne Eikeland –konditor, og Anette Hestad -konditormeister og bakarmeister. Verksemda vart starta i lokalar på Noss i Lundegrend. I 2013 kjøpte Ferske Smakar ein kafè i Førde (Napoleon Conditori). No føregår all verksemd i Førde på kafèen og i det tilhøyrande produksjonslokale. Ferske Smakar har no ca. 8 årsverk. Der lagar dei kaker og konditorvarer etter kundens ynskje. Dei lagar også middagar, kaldtbord, fingermat, påsmurd.
Ferske Smakar sin idè er at kunden skal få mogelegheit til å bestemme utsjåande og smakar i si eiga kake, og dei kjem gjerne med tips og idear undervegs. Ferske Smakar legg stor vekt på at produkta skal vere smakfulle og gode, samstundes som dei skal vere flotte å sjå på. Ynskjer du for eksempel ei spennande kake til barnebursdag kan dei utforme den etter ynskje av fasong, eller lage ein figur å sette oppå.
Kontakt
Storehagen 9
Førde