Ornes Båtbyggeri

Ornes Båtbyggeri er einaste industriarbeidsplassen i bygda,og har 10 tilsette. Vi er godkjent opplæringsbedrift.
Dagleg leiar er Øyvind Hatlevoll, som var med å starte opp verksemda.

Det er grunn til å tru at båtbyggartradisjonen i bygdene ved Lustrafjorden skriv seg frå fleire hundre år attende i tida. Soleis var Øyvind Hatlevoll og Harald Kvalen med på å føre vidare ein gammal tradisjon då dei i 1975 etablerte Ornes Båtbyggeri. Skepsisen var stor, men verksemda har gjort alle dystre spådommar til skamme.

Målet den gong var å produsere småbåtar i tre etter tradisjonell teknikk og med utgangspunkt i lokale tradisjonar. Seinare har den vesle bedrifta teke steg for steg, frå robåtar til snekker, – til ein i dag kan ta imot oppdrag på fartøy inntil 30 meter. I 1996 vart verksemda utbygd med m.a. ein ny stålhall for fartøy opp til 25 meter.
I januar 2009 tok me i bruk ny båthall, bygd etter nye miljøforskrifter med oppsamling i grovfilter og oljeutskillar.

Frå sommaren 2012 har me tilbydd BUNKRING, sal av diesel og fylling av vatn.

 

 

Heimeside finn du her

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde

Logg inn OLKWEB