Tine SA avd. Byrkjelo

Eit av landets største meieri, målt etter innmålt mjølkemenge, ligg midt i jordbruksbygda Byrkjelo. Området har ei lang meieri-historie å vise til, men dagens toppmoderne anlegg vart opna i 2003. Meierisjef i Tine Meieriet Byrkjelo, Thorkild Heieren, fortel at dei forsyner heile Vestlandet med konsummjølk i tillegg til at dei produserer halvparten av Noregs favorittost – Norvegia. Kvar tredje brunost i landet er også laga på Byrkjelo. Tine er dermed ein vesentleg arbeidsplass i distriktet, og inntak av lærlingar er ein viktig måte å rekruttere nye fagfolk på.

Tine jobbar med eit avansert teknisk anlegg som heile tida er under endring. Kontinuerlege forbetringar, spesielt med tanke på å spare energi, minske driftskostnadane og redusere utslepp blir jobba med kvar dag. Produktkvaliteten er likevel det viktigaste.

Industrimekanikarlærling og fagleg leiar

Industrimekanikarlærling og fagleg leiar

 

Anlegget behandler årleg 130 millioner liter mjølk, og produserer ca. 11 300 tonn Norvegia® og 2700 tonn brunost. Ca. 10 000 tonn Norvegia® vert porsjonspakka. Talet på tilsette ved anlegget er 130.

 

 

Heimeside finn du her

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde

Logg inn OLKWEB